150 kvik Fotballklubben Kvik
        Trondheims eldste fotballklubb
 

Storsiger på Klett

Søndag 30. september var det oppykksklare Kvik-lokomotivet klar til kamp mot tabelljumbo Leinstrand. Det var få lysglimt å spore før kamp denne haustdagen. Regnet bøtta ned, gradestokken bikka so vidt tre-fire grader, og Leinstrand gras viste seg fram frå si sanne side: Som ei bane knapt 6.divisjon verdig. Det er sjeldan vadebukser kjem til si rett på ei fotballbane, men denne e sundagen kunne det vore tilfelle. 

Heldigvis kunne trenar Tokerud røpe ei gladnyhende i det han las opp lagoppstillinga. Den levande Kvik2-legenda, Nils Ola Aspaas, var endeleg på plass frå start, sjølvsagt med kapteinsbindet rundt venstre tømmerstokk. Eit gladeleg syn for alle med eit hjarte bankande i blått og kvitt.

Første omgang baud på svært avgrensa underhaldning. Etter 45 minutt stod Kvik med om lag 87 % ballinnhav, utan at det resulterte i dei store farlegheitene. På det meste slo vel Kvik eit innlegg i minuttet, som regel utan rett adresse. Berre eit tynt treff med utsida av lisjetånagla frå to meter av Nils, og ei blaut heading frå Einar etter eit hjørnespark, resulterte i mål før pausesignalet let. Begge måla assistert av Magnus Hoff.

Andre omgang starta ikkje noko betre, og det tok nesten 5 minutt før Kvik hadde over tre trekk på Leinstrands side av bana. Etter dette, dominerte Kvik resten av kampen, med unntak av nokre få arbeidsuhell: Even og Tom sette inn to på rappen frå distanse, begge to markkryparar med gangfart ein meter til side for Leinstrands sisteskanse. Like etter auka Nils leiinga til 0-5. Etter å ha pirka inn 0-6, sette Magnus Hoff like gjerne ein corner rett i mål og auka leiinga til 0 – 7. Einar følte ikkje for å holde nullen, og reiv ned ein Leinstrandspelar inne i 16-meteren. Straffa vart sett sikkert i mål til 1-7. Even sette 1-8 like etter, før Nils Ola dunka inn årets vakraste hat-trick. 

Leinstrand reduserte til 2-9 etter at Leinstrands nr. 10 burde vore avblåst for offside, men dommaren gjorde nok lurt i å godkjenne målet. Trykk-kjelen var på veg til å eksplodere. Kampen vart avslutta med to vakre augneblink: Tom-Andre hælsparkar til Kasper, som set 2-10. I neste angrep snik Jonas seg inn på første stolpe, og scorar eit særs etterlengta mål.

SE FLERE BILDER FRA KAMPEN HER

Kampfakta Leinstrand - Kvik 2

Mål:
0-1. 30 min: Nils Ola Aspaas (Magnus Hoff Johansen)
0-2. 44 min: Einar Lunåshaug (Magnus Hoff Johansen) 
0-3. 54 min: Tom-André Tomren (Elias Bergquist-Langlo)
0-4. 57 min: Even Tokerud (Tom-André Tomren)
0-5. 61 min: Nils Ola Aspaas (Even Tokerud)
0-6. 65 min: Magnus Hoff Johansen (Morten Krokstad)
0-7. 70 min: Magnus Hoff Johansen 
1-7. 71 min: Sinnataggen (straffe)
1-8. 75 min: Even Tokerud (Tom-André Tomren)
1-9. 78 min: Nils Ola Aspaas (Kasper Koppang)
2-9. 85 min: Sinnataggen
2-10. 87 min: Kasper Koppang (Tom-André Tomren) 
2-11. 88 min: Jonas Larsen (Kasper Koppang) 

Kvik-børsen:
★★★ Nils Ola Aspaas, Magnus Hoff Johansen
★★ Jonas Larsen
★ Even Tokerud

Startoppstilling:
Audun Grøtta Giske
Kristian Kirkbakk
Martin Jakobsen
Einar Lunåshaug
Matias Keiseraas
Even Tokerud
Tom-André Tomren
Jonas Larsen
Elias Bergquist-Langlo
Magnus Hoff Johansen
Nils Ola Aspaas (K) 

Bytter:
63 min: Morten Krokstad inn for Matias Keiseraas
63 min: Morten Mysen inn for Elias Bergquist-Langlo
73 min: Kasper Koppang inn for Magnus Johansen Hoff
80 min: Matias Keiseraas inn for Einar Lunåshaug
80 min: Elias Bergquist-Langlo inn for Martin Jakobsen
80 min: Magnus Hoff Johansen inn for Nils Ola Aspaas

Del

Innmelding i Kvik


Neste Kvik 1-kamp


Onsdag 13.03.2024, kl. 19.30
Kvalifisering NM: Trygg/Lade - Kvik
SalMar banen Kunstgress

150 kvik

Tabellen finner du her


Neste Kvik 2-kamp

Tirsdag 12.03.2024, kl. 19.30
 Trøndersk Mesterskap: Kvik2 - Gauldal/Trønder-Lyn2
Rosenborgbanen 11'er
 

150 kvik

Tabellen finner du her